Valle kommunestyre vedtok i møte 27.10.2021, sak 84/21, følgjande: 

Valle kommune utbetaler 1 500 000 kr fordelt likt til alle fastbuande husstander i januar 2022. Det er kun kompensering for 1 målar pr husstand. Vedtaket er fatta med forbehold om at representantskapet i konsesjonskraftfondet i møtet i desember 2021 vedtek å ta ut
overskotet.

 

Det betyr at det vil bli betalt ut ca. kr. 2 500,- pr. husstand i Valle kommune med vilkår om at vedkomande må vere folkeregistrert og ha bustadadresse i Valle kommune pr vedtaksdato som var 27.10.2021.  Og det gjeld berre for ein målar pr. husstand.

For at Valle kommune skal kunne betale ut kompensasjonen i høve vedtaket til dei som er berettiga denne, er vi avhengig av å få informasjon. På grunn av personvernet har vi fått laga eit registreringsskjema via sikker portal der vi henter ut dei opplysningane de fyller inn. Dette skal vi bruke som utbetalingsbilag.

 

Digital registrering finn du HER


DET SKAL IKKJE SENDAST PÅ E-POST !


Det vil bli utbetaling i januar 2022 jf. Vedtaket.

 

Frist for innsending av opplysningar er sundag 05.12.2021.

 

Dei som ikkje har høve til å registrere dette digitalt vil finne skjema på informasjonsarket alle husstander får i postkassen måndag/tysdag neste veke.