Representantskapet i konsesjonskraft IKS gjorde vedtak på møte 03.12.2021 om å betale ut overskotet til kommunane. Det fører til at Valle kommune betaler ut kr. 2 307,- til alle dei som har sendt inn skjema og som fyller vilkåra som var sett. Pengane vil kome på konto i slutten av januar 2022.

Dersom du ikkje får penger på konto betyr det at du:

- Ikkje har bustadadresse i huset du har krevd kompensasjon for
- Ikkje var folkeregistrert i Valle kommune pr. 27.10.2021
eller
-har som leigetakar sendt inn krav på eit målarnummer som også eigar har sendt inn krav for

Det er ikkje høve til å be om kompensasjonsmidlar etter 31.12.2021.