Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Konsert med Jon Solberg i Bykle

Publisert
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Jon%2BSolberg


Fredag 22. januar kjem Jon Solberg, vokalist i Ni Liv, til Bykle Hotell

Mange kjenner til bygderockgruppa Ni Liv frå Bø i Telemark, færre kjenner kanskje til frontfiguren Jon Solberg og sideprosjektet hans der han har gjeve ut ein vise-CD.  Denne er grunnlaget for konserten han skal ha på Bykle Hotell fredag 22. januar kl. 20.00 saman med Jon Solberg Trio.  Om songane seier Jon Solberg sjølv: «Det handlar fyrst og fremst om tekstar med musikk til, ikkje musikk med ord som rimar.»  Tekstane har imponert mange, bl.a. skriv Vårt Land:  «Mer enn noen gang har en av landets fremste låtskrivere levert varer som gjør hodet litt klokere og hjertet litt varmere».  Du kan jo sjølv sjekke ut viser som ”Tusen tomme ord”, ”Svarteper” og ”Ikkje slutt å bry deg”.  Du finn dei alle på jonsolberg.no. 

Med seg til Bykle tek Jon Solberg to musikarar, den eine er multimusikaren Anders Røine.  Han trakterer diverse strengeinstrument som gitarar og langeleik, og endå meir moro blir det når han koplar til straumen på langeleiken. Tøft!  Munnharpa tek han også gjerne fram og så langt, har han ikkje funne nokon måte å kople den til straum!     I tillegg til å synge har Jon Solberg med seg både gitar og fele.  

Ein vonar mange vil krysse av fredag 22. januar kl. 20.00 i kalenderen og få med seg naboar og vener og ha ein flott kveld på Bykle Hotell!

Arr:  Folkeakademiet  Bykle / Kultur & fritid. 

 
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker