Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Konsesjonskraftfondet orienterar

Publisert
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Foto: Anne Liv Lidtveit

Foto: Anne Liv Lidtveit

Til alle deltakarane i Konsesjonskraft IKS

Orientering om status og framdrift i samarbeidet
Alle noverande deltakarar i Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder har gjennom kommunestyre- og fylkestingsvedtak sagt eit tydeleg ja til å samarbeide med konsesjonskraftkommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune. Desse kommunane har saman med Vest-Agder fylkeskommune sagt eit like tydeleg ja til denne invitasjonen til samarbeid gjennom Konsesjonskraft IKS.
 
No vert representantar for 20 kommunar og 2 fylkeskommunar på Agder innkalla til representantskapsmøte på fylkeshuset i Arendal den 15/8 2014 for å gjennomføre val av representantar frå Vest-Agder inn i eksisterande styre for Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS som altså same dagen skiftar namn til Konsesjonskraft IKS.
 
Framdrift:
Dei nye deltakarane frå Vest-Agder tek med seg om lag 330 GWh konsesjonskraft inn i samarbeidet i tillegg til dei 560 GWh som kommunane i Aust-Agder saman med Aust-Agder fylkeskommune disponerer i dag. Med dagens prisar utgjer dette om lag 270 millionar kroner pr år.
Styret skal den 15/8 2014 drøfte korleis arbeidet med prissikringa av dette nye kraftvolumet skal gjennomførast. Den 29/8 2014 er det planlagt styremøte i Åseral frå klokka 1000-1400 for å arbeide vidare med risikostrategi og planlegge vidare arbeid utover hausten.
 
Allereie den 19/8 2014 vert alle rådmenn og økonomisjefar i kommunane og fylkeskommunane inviterte til eit seminar i Arendal om kraftmarknaden og korleis samarbeidet frametter best kan utviklast.
 
Rådmennene i eigarkommunane oppnemner 5 medlemer- 3 frå Aust-Agder og 2 frå Vest-Agder til eit utval som gjev dagleg leiar råd om krafthandel og strategiske vegval. Dette utvalet har fått nemninga porteføljeutvalet.
 
Informasjon:
Heimesida vår kaaiks.no vil den 15/8 2014 bli knytt til domenet konsesjonskraft.no og skal utviklast som hovudkjelda for informasjon til deltakarane. Frå 15/8 2014 vil vi og take i bruk Facebook.
 
Vi vil allereie frå i dag legge ut informasjon jamnleg og vil syte for å halde dykk alle oppdaterte gjennom rundskriv pr epost i tillegg.
Vi gler oss til å samarbeide med Aust og Vest-Agder fylkeskommunar og kommunane Arendal, Birkenes, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Froland, Grimstad, Iveland, Valle og Åmli i Aust-Agder; og kommunane Audnedal, Flekkefjord, Hægebostad, Kristiansand, Kvinesdal, Lindesnes, Marnardal, Sirdal, Vennesla og Åseral i Vest-Agder.
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker