Koordinerande eining skal bidrege til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorer. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester. Individuell plan (IP) er ein sentral del av dette ansvaret.

Eininga tek i mot førespurnader frå både seg tenestemottakarar og tenesteytarar.

Bykle og Valle kommunar har ei felles koordinerande eining som organisatorisk er plassert i Helsetenesta i Bykle og Valle, under tenesteområdet psykisk helse og rus. 

Tone Avdal er koordinator for eininga.