Koordinerande eining beskrivelse

Koordinerande eining skal bidrege til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorer. Ansvaret omfattar alle pasient- og brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester. Individuell plan (IP) er ein sentral del av dette ansvaret. Eininga tek i mot førespurnader frå både tenestemottakarar og tenesteytarar.

Bykle og Valle - koordinerande eining

Bykle og Valle kommunar har ei felles koordinerande eining som organisatorisk er plassert i Helsetenesta i Bykle og Valle. Koordinerande eining består av pleie og omsorgsleiar i Bykle og Valle kommune, fysioterapeut, ergoterapeut og tenesteleiar helse. Koordinerande eining når ein ved å vende seg til pleie og omsorg i Bykle eller Valle, eller ved å kontakte sentralbordet.