Kor mange glas tåler barnet ditt?
No nærmar det seg sommar og mange gler seg over at varmen er på veg. Me går òg inn i dei månadane kor nordmenn drikk aller mest, og for mange kan sommarferien bli fuktig. I nokre høve kan alkoholbruk også gjere at barna sine behov blir gløymt.
- Det som i utgangspunktet skal vera den beste tida og dei morosamaste månadane i året kan i staden bli ei utfordrande tid for dei minste på grunn av dei vaksne sin alkoholbruk, seier leiar av alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL, Kari Randen.
Mange gode krefter med på laget
Setesdal kommunane og AV-OG-TIL lanserar difor no kampanjen Kor mange glas tåler barnet ditt? som oppmodar vaksne til å tenkje over korleis ein nyttar alkohol i saman med barn og unge. Ikkje med peikefinger, men med eit ønskje om å bevisstgjere vaksne på barna sitt perspektiv.
Setesdal kommunane og AV-OG-TIL lanserar difor no kampanjen Kor mange glas tåler barnet ditt? som oppmodar vaksne til å tenkje over korleis ein nyttar alkohol i saman med barn og unge. Ikkje med peikefinger, men med eit ønskje om å bevisstgjere vaksne på barna sitt perspektiv.
Setesdal er AV-OG-TIL-kommunar, og samarbeider med AV-OG-TIL om haldningsskapande arbeid. I desse dagar sett me i verk fokusuka, saman med dei andre nærmare 30 samarbeidskommunane i AV-OG-TIL Lokalt.
- Difor er me også med og støttar opp om kampanjen Kor mange glas tåler barnet ditt? Me deler ut brosjyrar og ulike effektar for å minne folk på at barn trives aller best med trygge og edru vaksne, seier Wenche Hægeland som er lokal AV-OG-TIL-koordinator i Setesdal.
Barn er avhengige av dei vaksne rundt seg og likar best når foreldra oppfører seg som dei brukar å gjere. Det kan vere skremmande for barn når vaksne endrar oppførsel på grunn av alkohol. I motsetning til oss kan ikkje barna velje å forlate festen når dei har fått nok.
- Ved å ta opp temaet i lokalmiljøet blir foreldra utfordra til å reflektere rundt dette temaet, og AV-OG-TIL minner om at foreldre er viktige brikker i barna sine liv. Difor spør me kor mange glas tåler barnet ditt?, seier Wenche Hægeland og Kari Randen.