Med større trafikk inn i Noreg har ikkje helsetenesta i Bykle og Valle alltid kapasitet til å ta koronatestar av folk som skal på utanlandsreise. Innbyggjarane i Bykle og Valle som treng test på covid-19 før utanlandsreise, må bestille time hjå det respektive legekontoret. Reisande frå andre kommunar vert bedne om å ta slik test i eigen heimkommune. Vær merksam på at det er samdrift i Bykle legekontor i kalendervekene 28-32. Sjekk kva landet du skal til, eventuelt krev før du bestiller testtime. Reisande må sjølv setja seg inn i reglane som gjeld for innreise til ferielandet.

Legekontoret på Hovden: tlf 37938680

Legekontoret i Bykle: tlf 91003069

Legekontoret i Valle: tlf 37937540

Kvar raskt ein kan få time, avheng av kapasiteten. Sidan dette ikkje er ei prioritert gruppe, kan svartida på testen òg variera, avhengig av kapasiteten til sjukehuslaboratoriet. Helsetenesta kan ikkje garantera for når testresultat vil ligge føre. Resultat av hurtigtest vil vera klar om 20 minutt. Det vert ikkje testa ved fritidsreiser i helgane.

Prisar

Hurtigtestar kostar 600 kroner, PCR-test kostar 900 kroner.