Kriseleiinga hadde eit kort oppsummeringsmøte i dag kl. 11.00. 

  • Folk er gode på bruk av munnbind
  • Ordninga på møykjerommet har gått greitt. 
  • Det er gjeve løyve til enkeltpersonar til bruk av møykjerommet resten av påska grunna rehabilitering.
  • Det vil bli forlenging av påbod for bruk av munnbind fram til og med 12.04.
  • Det er pr dd sendt ut 11 465 SMS om bruk av munnbind til dei som er, eller har vore innom Valle kommune.
     

Ellers er ingen smitta eller i karantene i vår kommune så kriseleiinga er godt nøgd med overhalding av smittevernreglar. Vonar det vil halde fram utover påska og etter påske slik at vi sakte men sikkert kan kome tilbake til "normalen"

Vi ynskjer med dette alle ei god, fredfull og "koronafri" påske !!