Det kan vere at det du har planar om å byggje kjem i konflikt med avstandskrav til vatn, elvar og bekkar.
Dette finn du informasjon om i gjeldande reguleringsplan eller kommuneplan.
I nyare planar der det er teikna inn byggjegrense må ein forholda seg til desse. I gamle planar utan byggjegrense gjeld avstandskrava i kommuneplanen.
Kjem byggjetiltaket nærare vatn, elvar eller bekkar enn desse krava må ein søkje om dispensasjon.