Riksantikvaren har ved Kulturminneetaten i Agder fylkeskommune, gjort ei hendvending til Valle kommune. Det  dei ønskjer er at kommunen vurderer å leggje arealet frå Harstadberg og nord til Tveitebø /

Homme, Rygnestad og Flateland og Heiebergheiane ut  som eit «Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse». Valle kommune har sagt seg villig til å vere med , saman med kulturminneetaten i Agder fylkeskommune, i  ein prosess om dette fram mot sommaren. Det var eit orienteringsmøte i kyrkjestoga tysdag 11. februar.  Frå Agder fylkeskommunen møtte Frank Allan Juhl, Ådne Sollid og Eivind Dalsegg.

Målet  med prosjektet er at kommunen kan ivaretake viktige landskapsverdiar i si planlegging.

Ønskjer du å vite meir søk på « Kulturhistoriske landskaper av nasjonal interesse»

 

Det blei arrangert folkemøte i kyrkjestoga tysdag 11.02.2020 kl 18.00 der Riksantikvaren og Agder fylkeskommune har orientert om prosjektet og svara på spørsmål.

Ytterlegare bakgrunn for saka kan du lese om i desse vedlegga:
Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Agder - høyring

 

Valle kommune ønskjer skriftlege innspel til høyringssaka innan 25.03.2020.

Innspel kan sendast til: Valle kommune, Pb. 4, 4746 Valle, eller på e-post: post@valle.kommune.no