Reglar for Valle kommune sin kulturpris
Reglar for Valle kommune sin kulturpris
(vedtekne i kommunestyret sak 46/86, med endringar i sak 77/87 og 3/11):
- Valle kommune sin kulturpris er på kr 10 000. Med prisen følgjer eit minnediplom.
- Prisen kan delast ut kvart 2. år. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar og organisasjonar/lag som har tilknyting til Valle kommune.
Dersom to eller fleire kandidatar blir funne likeverdige kan prisen delast mellom desse. - Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet.
- Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan sende framlegg om prisvinnar til Valle kommune.
Tidsfrist for innsending av forslag til prisvinnar er 15. mars. Dette blir kunngjort i pressa i god tid. - Det er formannskapet* som utnemner vinnaren og som er ansvarleg for utdeling av prisen.
- Formannskapet* vedtek i januarmøtet det året prisen skal delast ut tidspunkt/høve for utdeling.
*Endra til levekårutvalet i PS 63/15, 25.11.15, «Politisk delegasjonsreglement for Valle kommune 2015–2019».