Om Valle kulturskule
Valle kulturskule er synleg i lokalsamfunnet, og elevar opptrer på ymse konsertar og arrangement i løpet av året. Kulturskulen arrangerer sjølv ein eller to store konsertar i året, pluss at vi saman med Bykle kulturskule arrangerer Ung Kultur Møtast (UKM) i februar/mars kvart år.
Valle kulturskule sitt faste undervisningslokale er i Spelestoga, som ligg i skuleområdet ved Valle skule og Setesdal vgs. Elevar ved Hylestad barneskule får si undervisning på Hylestad skule.
Tildeling av plassar
Valle kulturskule tilbyr undervising innaføre ulike instrument, til dømes song, gitar, piano, trommer, fiolin, ukulele, med meir. Kva for tilbod som vil bli gitt avheng av etterspurnad, tilgjengelege lærarressursar og kva for stillingssamansettingar som er mogelege. Vedtak om plass blir truleg sendt ut før sommarferien, per e-post. Lærar kontaktar elev/foreldre før skulestart vedrørande informasjon om tidspunkt for timeplan.
Semesteravgift
Kulturskulen har desse elevavgiftene pr. halvår og dei fylgjer skuleåret :
Semesteravgift | frå 01.08.2018 | frå 08.2019 |
Barn (t.o.m vidaregåande skule) | kr. 850,- | kr. 871,- |
Vaksne | kr. 1600,- | kr. 410,- |
Barn og ungdommar t.o.m vhs. gruppetilbud (band, kvedargruppe, instrumentalgruppe, o.l.) |
kr. 400,- | kr. 410,- |
Vaksenkor | kr. 815,- | kr. 835,- |
Dans 30 minutt | kr. 261,- | kr. 267,- |
Dans 45 minutt | kr. 407,- | kr. 417,- |
Dans 60 minutter | kr. 523,- | kr. 536,- |
Dersom ein elev har meir enn eitt instrument er det full avgift for kvart ekstrainstrument.
Syskenmoderasjon: Ein betaler fullt, dei neste 50 %. Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon for gruppeundervisning (dans, band, nybyrjargrupper kor, korps) Det er ikkje syskenmoderasjon på ekstrainstrument
Informasjon om søknadsskjemaet
Vi tek atterhald om endringar i tilbodet, og oppmodar derfor alle søkjarar om å fylle ut 2.val i søknadsskjemaet. Dei som vil søkje på band må skrive dette inn som 2.val, og krysse av for at dei ønskjer undervising i begge faga.