Saksutgreiing med vedlegg om sak: Namn på nytt bibliotek og kyrkjestove i Valle kommune
Kunngjering av vedtak - Namn på nytt bibliotek og kyrkjestove i Valle kommune
I samband med nytt bibliotek og kyrkjestove har innbyggjarar sendt inn forslag til namn på bygget og namnekomiteen jobba seg fram til følgjande tilråding som dei la fram for levekårutvalet:
Namn på nytt bibliotek og kyrkjestove i Valle kommune skal vere «SÆBYGGEN – Sentrumsstova i Valle»
I møte 06.06.18 gjorde levekårutvalet slikt vedtak:
Bygget skal skrivast SÆBYGGJEN og sentrumsstova skal skrivast «sentrumsstoga»
For: «Formålet med lova er å take vare på stadnamn som språklege kulturminner» slik det står i lov om stadnamn og Språkrådet tilrår.
Valle kommune kunngjer med dette at namn på nytt bibliotek og kyrkjestove i Valle kommune skal vere «SÆBYGGJEN – sentrumsstoga i Valle»
Dette vedtaket kan klagast på, og klaga må grunngjevast. Klagefristen vert sett til 07.07.2018. Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten som kan klagast på, og ikkje sjølve valet av namn.
I saker som gjeld namn på kommunale anlegg og institusjonar, er det først og fremst lokale organisasjonar med tilknyting til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også andre offentlege organ, som feks. Statens kartverk, og andre som skal nytte det aktuelle namnet i tenesta.
Klaga sendast til: Valle kommune, v/Levekårutvalet, postboks 4, 4747 Valle, eller post@valle.kommune.no innan 07.07.2018.