Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kunngjering namnesak - Helle/Heddi i Valle kommune

Namnesak - Innspel til skrivemåte

 

Helle grendelag v/Bjarne Rysstad har reist namnesak for staden Helle i Valle kommune. Språkrådet har sagt at fylgjande namn skal med i namnesaka.

 

• Helle / Heddi (gard 70)

• Helle (bruk 70/1, 70/3, 70/4, 70/6, 70/9)

• Helle / Oppigard (bruk 70/2)

• Helle / Der nede (bruk 70/20)

• Hellefjell / Hellesfjellet (fjell)

• Hellesdalen / Heddesdalen (dal)

• Heddessteinen (stein)

 

Dokumenta er tilgjengeleg HER

 

Namnesaka vert reist for å få avklart rett skrivemåte til offentleg bruk. Kartverket har sendt saka på lokal høyring til kommunen, jf. § 8 Lov om stadnamn (Stadnamnlova).

 

Stadnamnlova seier kven som har uttalerett. Eigar/festar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten på namn som dei har særleg tilknyting til.

 

Innspel må sendast skrifteleg til post@valle.kommune.no innan 23.05.22. Merk saka med sak 2022/136.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker
Publisert