Offentleg ettersyn - godkjente vallister for kommunestyrevalet 2023
Listene er også lagt ut i papirform i Velkomstsenteret på kommunehuset.
Listene er også lagt ut i papirform i Velkomstsenteret på kommunehuset.
Bustadtomter
Valle kommune har eit sentrum som stadig er under utvikling med fleire servicetilbod som t.d. butikkar, etestader, aktivitet- og friluftsforretning, bibliotek, bank, hotell og bensinstasjon. Aust for sentrum i Leite Sør er det no gjort endringar i reguleringsplanen, slik at kommunen kan tilby tomter for bustader i fleire storleikar. Tomtene ligg strategisk til i nærleiken av sentrum og er tilpassa alle generasjonar med ein fantastisk utsikt over sentrum og store deler av dalen.
Ved handsaming i Plan- og miljøutvalet den 14.03.2023 av sak 19/2023, vart kommunedirektørens tilråding samrøystes vedteke.
Endringa gjeld kart og føresegner og gjeld hovudsakleg å justere formålsgrensa, byggjegrensa og utnyttinga til tomt D1. Det er og gjort ei presisering i punkt 5 i føresegner om at LNF-arealet innanfor planen kan nyttast til fyllingsfot. I tillegg er byggjegrensa i felt B lagt inn igjen i plankartet etter bestilling frå Valle kommune, etter at ho fall ut av planen ved førre endring.
Dersom du er part, eller på annan måte har rettsleg klageinteresse, har du
høve til å klaga på vedtaket, med heimel i plan- og bygningslova §§ 1-9 og
12-12, 3.ledd og forvaltningslova § 28.
Dersom du vil klaga, må du gjera det innan 09.04.2023. Klaga må setjast fram
skriftleg og må vera grunngitt og underteikna av klagaren.
Planforslaget og dokumenta finnast i vårt planregister, Arealplaner.no. Der kan du og sende innspel til planen.
Innspel kan også sendast til Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle, eller på E-post: post@valle.kommune.no
I medhald av kommunestyret sitt vedtak i sak 109/2022 vert framlegg til lokal forskrift om nedsett konsesjonsgrense sendt på høyring før endeleg handsaming.
Framlegg til lokal forskrift, kommunestyrevedtaket og kommunedirektøren sitt saksframlegg er tilgjengeleg i lenke nedanfor.
Føremålet med å innføre den lokale forskrifta om nedsett konsesjonsgrense er å setje konsesjonsfridomen etter § 4 i konsesjonslova ut av kraft for:
I tillegg legg framlegget til lokal forskrift til grunn at slektskapsunntaket i § 5 i konsesjonslova vert sett til sides.
Merknader og innspel til framlegget kan sendast til post@valle.kommune.no eller Valle kommune, postboks 4, 4746 innan 1.april 2023.
Spørjeundersøking for næringsdrivande i Valle kommune i samband med utarbeiding av ein ny næringsplan.