Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Laurdag 25.6 blir det sentrumsfrukost og offisiell opning av Prestefossen hengebru

Publisert , Oppdatert 22. juni 2016
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Hengjebrua

Det startar med frukost til alle i Valle sentrum kl 10.
Frå kl 11 er det underhaldning med m.a. trylleshow og musikk av Popnagel og Lindesnes trekkspillklubb, bruskallsstabling og mykje anna gama.

Kl 15. er det offisiell opning av Prestefossen hengebru. Det er oppmøte på austsida v/masta. Her vert det tale ved ordførar, snorklypping og musikalske overraskingar. 

Denne dagen kan du i tillegg krysse Otra på ein spesiell måte. Bratt friluftsliv har rigga til ein Zipvaier over Otra. Her kan du prøve ein spennande elvekryssing som ein del av programmet for opninga.
Valle sparebank har fått laga t-skjorter med bilete av hengebrua. Desse deler vi ut til deltakarar på opninga. Velkomen til opning.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker