Vi søker assistent til ei hyggeleg dame som har behov for bistand og personleg hjelp i kvardagen. Arbeidet vil vere i helger og ved tilkalling, og vi vil tilsette fortløpande. Vi søker deg som ikkje er redd for ei utfordring eller å ta i eit tak. Du vil gå inn i eit team med 4 polsktalande assistentar. Arbeidsstad er brukarens heim, og den som tilsettast kjem tett på brukarens familieliv.

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein alternativ måte å organisere ordinære tenester for brukarar som har behov for praktisk bistand og personleg hjelp i kvardagen. BPA yter service og assistanse til brukaren på ein slik måte at den enkelte kan leve det livet ho/han ynskjer.

ANNONSE