Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Ledig stilling som ungdomsarbeidar - trusopplærar

Publisert
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er 40% ledig stilling som ungdomsarbeidar trusopplærar i Valle og Hylestad sokn og Bykle sokn

frå 1.augsut 2018

Ungdomsarbeidaren vil arbeide i Valle, Hylestad, Bykle og Fjellgardane kyrkjelydar, i Valle og Bykle

kommune. Ungdomsarbeidaren vil samarbeide med soknepresten og trusopplæringsutvala i sokna.

Arbeidsoppgåvene går ut på å delta/ha ansvar for kyrkjelydanes trusopplæringsarbeid for ungdomar,

t.d. skulelag, ungdomsklubb, ungdomsarrangement og konfirmantane. Arbeidet vil innehalde kveldsog

helgearbeid. Stillinga kan delast opp i 20% i kvart sokn dersom det er den beste løysinga.

Det er ønskeleg at søkaren har relevant utdanning og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid. Søkar må

vere medlem av Den norske kyrkja, kunne norsk munnleg og skriftleg og politiattest må visast (jf.

Kirkelovens § 29). Søkjar må ha førarkort og disponere bil.

Søkarens personlege eigenskapar: God formidlings- og kommunikasjonsevne i møte med ungdom,

evne til å arbeide sjølvstendig og i team med frivillige og tilsette, gode evner til relasjonsbygging og

fokus på bygging av kyrkjelyden. Personleg eigenskapar vil bli særleg vektlagt.

Det vil bli gjeve løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP, og

køyregodtgjering etter staten sine takstar.

Søknaden sendast til: Sissa Ringstad, kyrkjesjef i Valle og Hylestad, e-post: post@valle.kyrkja.no

For nærare informasjon ring Astrid Nomeland tlf 91148355.

Søknadsfrist 27.april 2018

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker