Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 27.03.2020 kl. 09:40

Status frå møte i kriseleiinga 26.03.2020 kl. 15.00 finn du HER

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen er forlenga til måndag 13.04.2020.

Nytt tiltak: Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear
bilete av Hylestad soknehus

bilete av Hylestad soknehus

Leige av kommunale bygg

Gratis leige av kommunale bygg for alle lag og organisasjonar til alle tilskipingar.
Ordninga gjeld for lag og organisasjonar frå Valle kommune. 

For andre gjeld prisane i vedlegget «Pris leige av lokale» lenger ned på sida. Prisar gjeldande frå 1.1.2019.

Skal du planlegge for eit stort arangement?

Bruk vårt planleggingsskjema «Sikkerheitsplan ved store arrangement Valle kommune». Du kan fylle ut på skjerm. Deretter lagrar du det ferdige skjemaer på din eigen pc og sender det til Torleif.homme@valle.kommune.no

Vi bed elles alle arrangørar om å setje seg inn i sikkerheitsinstruksane, og i førekant av arrangementet gjere seg kjende med t.d. rømingsvegar, brannslokkingsutstyr m.m. Vi oppmodar også alle som skal ha større arrangement om å lese gjennom sikkerheitsrettleiaren frå Norske konsertarrangørar.

Meir informasjon

Publisert | Oppdatert 12. februar 2020