Skal du planlegge for eit stort arrangement?

Bruk vårt planleggingsskjema «Sikkerheitsplan ved store arrangement Valle kommune». Du kan fylle ut på skjerm. Deretter lagrar du det ferdige skjemaer på din eigen pc og sender det til Torleif.homme@valle.kommune.no

Vi bed elles alle arrangørar om å setje seg inn i sikkerheitsinstruksane, og i førekant av arrangementet gjere seg kjende med t.d. rømingsvegar, brannslokkingsutstyr m.m. Vi oppmodar også alle som skal ha større arrangement om å lese gjennom sikkerheitsrettleiaren frå Norske konsertarrangørar.