Valle kommune har starta opparbeiding av eit nytt bustadfelt – Leite Sør.

Tomtene i dette feltet vert no lyst ut for sal.

Dei som er interessert i tomter i dette området, må sende inn skriftleg søknad med evt. prioritering av tomter innan 07.04.21.

Etter denne dato er det fortløpande tildeling av tomter.

Ein kan ikkje søke om tildeling av fleire tomter for å slå dei saman – utanom tomtene 9 -13 med føremål å bygge bustader med fleire einingar.

Tomteprisen er kr. 36.000,- og med tillegg av kr. 10,-/m2. Gebyrer/avgifter m.m. kjem i tillegg

Viser til reguleringsplanen m/føresegner

http://tema.webatlas.no/4221/Planinnsyn?planid=201807

 

Tildeling av tomter vil bli gjort utifrå fylgjande prinsipp:

  • Søker må sende inn søknad i prioritert rekkefylgje
  • Ein begynne å trekke på den (dei) tomtene som det er flest søknader med prioritet 1 og så vidare til dei tomtene som har «nest mest» søknader og så vidare.
  • Dersom det er søknad om bygging av fleire bu-einingar har dei fortrinn i forhold til enkeltbustader for tomt 9 -13.

 

Har de spørsmål kan de ta kontakt med Torleif Homme på telefon 90101955 eller e-post: torleif.homme@valle.kommune.no