Det er viktig at elevane har eit trygt og godt psykososialt miljø i leksetid og at leksehjelpa fremjar helse, trivsel og læring. Får eller har ein tilsett på leksetid mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle rektor og om mogeleg sjølv gripe inn. 

I leksetid skal elevane ha eit forsvarleg tilsyn og gruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksetid blir organisert ulikt for kvar skuleår, men foreldre og elevar får opplysningar om dette ved skulestart. 

Alle som vil delta på leksetid må melde seg på til skulen.