Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Leseglede og leselyst

Publisert , Oppdatert 06. juli 2022
Leselyst

Valle skule har eit flott skulebibliotek med mange bøker til utlån. Skulebiblioteket ligg i hjarta av skulen og er ope kvar dag, heile skuledagen og elevane kan enkelt låne bøker dei er interessert i.

Leseglede og leselyst som prosjekt på etter eit studiebesøk på Spangereid skule i 2019. Spangereid skole i Lindesnes kommune har over lengre tid hatt fokus på leseutvikling gjennom systematisk og kollektivt arbeid med lesing.

Skulebiblioteket er særs viktig i det å utvikle gode lesarar, glade og engasjerte lesarar. Leseferdigheit er viktig for demokrati, samfunnsengasjement, refleksjon og  livskvalitet. Elevane på skulen har mogelegheit til å søke arbeids om skulebibliotekassistentar, og den jobben er ettertrakta.

Bibliotekassistentane har ansvar for å arbeide målretta etter denne planen:

  1.  opplæring i å bruke skulebiblioteket sitt system for utlån og innlevering
  2. Vere ambassadør for lesing, lese for yngre elevar
  3. Køyre rundt med tralla, og finne rett plass i hyllene
  4. Levere bøker til språkverkstaden  og til klasseromlån
  5. Lage utstillingar og plakatar
  6. Merke bøker med rett symbol og lesenivå
  7. Vere biblioteksvakt i friminutta
  8. Komme med forslag til innkjøp

Kvar haust får vi inn ein bunke med søknader frå elevar i 6. og 7. trinn. Elevar med god ordenssans og med smittande leseglede får lett jobb. Dei som gjer ein særleg god innsats blir premierte.

Skulebiblioteket opplever å få tilbake gode oppgåver frå elevar som lagar statistikk over dei mest lesne bøkene. I samfunnsfag har 6. klasse hatt to grupper som gjennomførte ei samfunnsfagleg undersøking. Dei forska på leseglede, og kva for nokre bøker elevane på Valle skule likar å lese.

Den mest populære boka denne våren var: Amuletten

Mange klassar markerer kvar leste bok med ein lesesirkel som til slutt blir ein bokorm. 3 klasse målte opp sin bokorm og den hadde ei lengde på 130 meter! Slå den. Dette er ein klasse som er glad i å lese og nyttar skulebiblioteket ofte.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker