Tilrådingar i Vale kommune:
- Kommunen tilrår alle å lasta ned smittestopp appen
- Hald 2 meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine
- Ha få kontaktar og dei same over tid. Vi tilrår maks ti sosiale kontaktar per veke
- Maks to gjestar på besøk og dette inkluderer tilhøyrande uteområde
- Kjem du frå eit område med høg smitta, bør du ikkje overnatta på hotell eller tilsvarande overnattingsstader i påsken
- Viss du bur på ein stad der kommunen rår mot besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk der du held til påsken
- Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest
- Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Valle legekontor på telefon 37 93 75 40. Valle legekontor har ope mandag og tysdag i påskeveka; 08-15. Telefon er open fra 09.00- 12.00 og 13.00- 14.00. Onsdag før skjærtorsdag er konoret ope 08.00 til kl 12.00. Utenom desse tidene er det legevakt 116 117/ 113. På raude dagar tar du kontakt med 48 99 15 10 mellom kl 14-15
- Dersom du testar positivt, skal du reisa heim
Regler i Valle kommune:
- Påbod om å bruka munnbind på offentlege stader innandørs når minst ein meter ikkje kan overhaldast
- Møykjerommet er berre ope for innbyggarar som bur i Valle kommune
Forskrift om påbod om bruk av munnbind.pdf