Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,685 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2020. No opnar vi opp for å søke, og håpar at så mange som mogeleg får sjansen til å søke på ordninga.

Vi prøvar å nå ut til flest mogeleg, og spesielt til lokale og regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar, eller dei som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

Difor ber vi om hjelp frå alle kommunar og fylkeskommunar i landet om å formidle informasjonen i denne e-posten, til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

Frist for å søke 1. september 2020, men fleire sentralledd har eigne fristar tidligare. Det hastar difor med å få ut informasjonen så raskt som mogeleg.

Vedlagt finn de ein tekst med informasjon de kan dele, samt ein illustrasjon de fritt kan bruke på nettsider og i sosiale medium.

 

Takk for at de bidrar.