Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Luktproblematikk på Rysstad Renseanlegg.

Publisert , Oppdatert 25. mars 2014
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
kommunen-informerer-teknisk-avdeling

Det har i fleire år vorte klaga over dårleg lukt ifrå Rysstad Renseanlegg. Lukta kjem ifrå avtrekket frå slamlageret inne på anlegget og vert blåse ut over taket på renseanlegget. For at me i det heile tekje kan arbeide inne på anlegget er me avhengige av dette avtrekket.

14.februar i år vart det montera eit luktreduksjonsanlegg på dette avtrekket som skulle redusere lukta på Rysstadmo. Dette er eit sokalla hybridfilter, dvs eit kolfilter med biologisk materiale, som er avhengig av temperatur over 0 grader og ein viss fuktighet og som må ha ei tid på å begynne å virke etter montering (bakteriekulturen i filteret må få tid til å utvikle seg).

No, etter ein månads drift, ser det dessverre ikkje ut som at filteret virker som det skal og eg har sendt inn reklamasjon på filteret. Firmaet som har levert filteret har bestilt ny filterinnsats som kjem til å verte montert så fort det let seg gjere. Etter montering må filteret ha ein ny innkøyringsperiode, men eg vonar filteret vil virke som det skal etter innkøyringsperioden, nemleg å redusere lukta som kjem ifrå anlegget.

Luktfritt kjem det aldri til å verte, ingen kloakkrenseanlegg er heilt luktfrie, men meininga er at tiltaket som me har gjort skal redusere lukta best mogeleg inntil nytt renseanlegg står ferdig på Rysstad. Planlegginga av dette er igong og byggjestart er tenkt hausten 2014 med ferdigstilling i 2015.

Eg vonar at filterinnsatsen vert skifta i veke 13 eller 14

Slik ser filteret ut  Filter teknisk.png

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker