Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har tatt i mot flyttemelding frå deg innan 30. juni 2021, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Dersom du meiner sjølv, eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.

 

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå og med 19. juli og fram til valdagen måndag 13. september på desse stadene:

  • Velkomstsenteret
  • Sæbyggjen
  • Coop Hylestad

 

Adressa til valstyret er: Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle

 

Valle kommune

 

Steinar Kyrvestad
leiar i valstyret