Valle skule great place to work.jpg

 

Tilsette i Valle kommune gjev for andre år på rad uttrykk for stor grad av stoltheit over det dei bidreg med i samfunnet.
88 % opplever det slik, og det er ein score på nivå med dei beste verksemdene i Noreg! 
Vi er stolte over samfunnsbidraget «dette er ikkje berre ein jobb» seiar medarbeidarane i Valle kommune

Valle skule oppnådde ein gjennomsnitt score på godt over 80%. Dette gjer Valle skule til ein sertifisert tenestestad! Dette betyr at skulen har oppfylt krava til ein global standard som kjenneteiknar gode arbeidsplassar! Vi er stolte, og glade for dei gode resultata vi har oppnådd og det vert jobba aktivt og godt med arbeidsmiljøet av motiverte medarbeidarar. Dette er til inspirasjon, og noko å strekke seg etter for resten av kommunen.

Biletet over syner ein stolt rektor, med sertifisering frå "Great place to work"

Det må nemnast at kommunen som heilhet har ein vesentleg høgare  gjennomsnitt score samanlikna med 2017, noko vi er veldig godt nøgde med, og som visar at det jobbast godt med arbeidsmiljøet i heile kommunen.

Heile poenget med å gjere denne typen undersøkingar er å forbetre arbeidsmiljøet og å auke tillitsnivået; det får ein berre til om heile organisasjonen blir involvert i forbetringsarbeidet. Vidare vil det bli eit fokus på å «løfte» arbeidsmiljøet i kommunen som heilskap slik at vi når ei sertifisering for heile kommunen. Det er planlagt å gjennomføre ei ny undersøking våren 2019, på denne måten kan vi måle om dei tiltaka vi set i verk har hatt innverknad på arbeidsmiljøet i kommunen.