Melding til alle som nyttar vår fine natur til turgåing
I samband med at det var ein del besetningar med fotrote på sau i fjor haust er det ulike forhåndsreglar ein må ta omsyn til som turgåar osb. Dersom du ferdast på heievegar og på jorder og kanskje tråkker i søle, jord, sauemøkk osb, ber vi deg pusse det av straks så godt det let seg gjere før du går vidare. Alle som går gjennom grinder som er lukka må sjå til at dei ikkje vert ståande opne.