Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Midlertidig bruk av skogfond til opprydding av vindfall som skadeførebyggande tiltak

Publisert , Oppdatert 25. februar 2014
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Aktivt skogbruk

Det vil i ein periode fram mot sommaren vere mogleg å få dekt inntil kr. 50,- per m3 målt virke, som er stormfelt hausten 2013 eller vinteren 2014, gjennom skogfondordninga. Ordninga gjeld fram til 1. juni 2014 for furu og 1. juli 2014 for gran.

Ordninga gjelder i områder der vindfall utgjer meir enn 2 m3 på eit areal mindre enn 2 dekar. For uttak av vindfelte frøtre eller livsløpstre kjem ikkje under ordninga. Formålet er å få ut tømmer av skogen for å unngå at det vert yngleplassar for skadeinsekt.

Vedlagt skriv frå Statens landbruksforvaltning gir nærare informasjon om dokumentasjon som må rapporterast inn til skogbrukssjefen før eventuell utbetaling frå skogfond.

Kontakt

Skogbrukssjef
 
Telefon: 37 93 47 55

 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker