Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen.
I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen.
Når du har fylt ut skjema på skjerm, må du alltid lagre det på din PC før du oppretter ein e-post til: post@valle.kommune.no og laster opp søknadsskjema som vedlegg.