Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Mottakarar av bustønad får ekstraordinær utbetaling i november

Publisert
Hus

Stortinget har vedteke at mottakarar av bustønad i dei delane av landet som har høgast straumprisar, får ei ekstraordinær utbetaling i november.

Ordninga omfatter fylka Oslo, Viken, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Innlandet og Røros kommune i Trøndelag.

Bur du i eitt av disse områda og mottek bustønad for oktober, får du eit engongsbeløp i støtte til straumutgifter. Støtta er på 2 950 kroner, med eit tillegg på 120 kroner for kvar ekstra person i husstanden.

Støtta til straum blir utbetalt samtidig med bustønaden 19. november.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker