UNESCO kom i 2003 med sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven og den blei ratifisert av Noreg i 2007.  Målet er å sikre vern og respekt for eineståande kulturuttrykk av ikkje-materiell art. Setesdal har i 2-3 år sendt inn denne nominasjonen til Kulturdepartementet:: "Practice of traditional music and dance in Setesdal, playing, dancing and singing (stev/stevjing)». I 2018 sendte så den norske stat vår nominasjon til UNESCO og no står den på sakslista til handsaming på møte i Bogotà i Colombia mellom 9.-14. desember i år. I lenka nedanfor kan ein sjå nominasjonen, og truleg sjå direkte sending frå møtet.

https://ich.unesco.org/en/10b-representative-list-01098