Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Næringskveld på Sølvgarden

Publisert
næringskveld_v2

Valle Sparebank, Valle Næringslag og Valle kommune har gått saman om å arrangere næringskveld på Sølvgarden kl. 19 neste tysdag, den 22.november. Samlinga inkluderer middag og er gratis, men krev påmelding. Målgruppa for samlinga er næringsdrivande i kommunen.

Det er to «tungvektarar» på kvart sitt fagfelt som tek turen til øvre Setesdal. Jan Ludvig Andreassen er makroøkonom i Eika Gruppen og Andreas Myhre ekspert på kraftprisar frå Entelios. Det er vert med andre ord økonomi, rente og kraftprisar på agendaen denne novemberkvelden. Emne som bør interessere dei fleste som driv næring.

Påmelding skjer til sentralbord@valle.kommune.no seinast 20.november.

Vel møtt!

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker