«Me har fått ein del spørsmål om kommunen vil innføre støtteordningar for næringslivet og hytteeigarar,» seier kommunedirektør Vidar H. Homme. «Det er ein vanskeleg situasjon for mange, men mi vurdering er at me fyrst bør sjå kva slags ordningar staten innfører før ein drøftar lokale tiltak. Straumkostnadene for næringslivet bør i prinsippet vere dei same i ulike delar av landet, og det er difor avgjerande at det kjem sentrale ordningar på plass så fort som råd.»

Kommuneadministrasjonen har dialog med næringslivet om situasjonen. Kommunedirektøren hadde saman med næringsrådgjevar Kay Arne Søgård møte med Valle Næringslag onsdag i denne veka for å informere og få innspel frå næringslivet om korleis bedriftene sjølve opplever situasjonen. «Det opplever eg som svært nyttig og me ynskjer sjølvsagt å ha god kontakt også framover,» seier Homme, som set si lit til at støttetiltaka frå staten treff dei bedriftene som treng det mest. «I den grad ein skal vurdere lokale støttetiltak er enøk-tiltak som kan styrkje næringslivet på lang sikt mest interessant. På den måten kan ein nytte ein krevjande situasjon til framtidsretta omstilling. Men dette må me som sagt vurdere når me ser dei sentrale ordningane, og det er lokalpolitikarane våre som har siste ordet," seier kommunedirektøren.

Også fleire hytteeigarar har kontakta kommunen om straumprisane og moglege støttetiltak. Ein del vurderer å vinterstengje fritidsbustaden fordi straumkostnadene vert for høge. I tillegg har det kome spørsmål om det er høve til å melde flytting til hytta. Bakgrunnen er at ein då vil få straumstøtte også til forbruket på hytta. «Me har til liks med andre typiske hyttekommunar ingen planar om å innføre støttetiltak retta mot hytteeigarar. Dersom ein hytteeigar vil melde flytting til hytta si i Brokke, krev det bruksendring og dispensasjon frå arealføremålet. I utgangspunktet har kommunen vore positiv til dette, og me legg fram ei prinsippsak til politikarane i oktober om kva for krav som skal stillast for å godkjenne desse søknadene,» avsluttar kommunedirektør Vidar H. Homme.