I samband med oppstart av utarbeiding av ein ny næringsplan for Valle kommune, ynskjer kommunen å utføra ei innleiande spørjeundersøking.
Valle kommune ønskjer å leggja til rette for vekst og utvikling for næringslivet i Valle, og styrkja samarbeidet mellom kommunen og næringslivet. Me vil i samband med dette, gjennomføra ein enkel spørjeundersøking i næringslivet.
Resultata vil gi ein peikepinn på samarbeidet mellom kommune og næringslivet, behov og utfordringar. Resultatet vil gåast gjennom med rotårsaksanalyse i formannskapsutvalet, og fungera som eit grunnlag for utarbeidinga av den nye planen.
Ta stilling til påstandane i spørjeskjemaet. Bruk gjerne høvde til å komma med utfyllande svar på dei opne spørsmåla. Utfylling av skjemaet tek 5-10 minutt.
Undersøkinga kan bli svart på av alle næringsdrivande, tilsette med nøkkelfunksjonar og styremedlemmer. Undersøkinga gjeld verksemder med forretningsadresse i Valle kommune, eller verksemder som har den naturlege daglege drifta si i Valle kommune.
Lenke til undersøkinga: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=sEOB6R6JkUGDvSEJDXHFcuaAu3il-XJEu4W2AVSmtepURUVaNk5XQUVGRTdLUVROOFQxTVhVWUhOUS4u
Med vennleg helsing
Kay Arne Søgård
plan- og næringsrådgjevar