Valle kommune sin helsesjukepleiar, Monique Vatsend Jore, er blitt pensjonist og overlevert stafettpinnen vidare.

Elisabeth Cecilia Marcussen starta 16. August i Valle kommune. Ho har ansvar for helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.

Tidlegare har Elisabeth vore helsesjuekepleiar i Bykle kommune og sjukepleiar på Valle bygdeheim.

Elisabeth har ein mastergrad innan helsesjukepleie, og har dermed bidratt i fleire utviklingsprosjekt og som forelesar på nasjonale kongressar, konferansar og på universitet. Elisabeth er også helsesjukepleiar i fagpanelet på ung.no