Hedda, som er vernepleiar av utdanning med mastergrad i sosialt arbeid, og som no er i ferd med å fullføre ein mastergrad i offentleg administrasjon og leiing, leier eit team med mykje fagkompetanse. Cornelia Langfeldt og Nora Mauseth er utdanna barnevernspedagogar, Inger Lise Gjerden er vernepleiar med mastergrad i sosialt arbeid, medan Hilde Berit Bjørnarå er sosionom med mastergrad i sosialt arbeid. Alle har erfaring frå tilsvarande arbeid i andre offentlege instansar.
Barneverntenesta har i alt 5,2 årsverk og held for tida til i kontora i kjellaren på Valle Bygdeheim.
Barnevernet si oppgåve er noko enkelt sagt å take vare på dei mest utsette barna, verne barna mot omsorgssvikt og sikre barna tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Les meir om barneverntenesta her: https://www.valle.kommune.no/barnevern.523879.nn.html