Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ny tilskotsordning til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Publisert
mangfoldoginkludering_ferdig_nettside

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar en ny tilskotsordning som skal leggje til rette for økt deltakelse i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det kan gis tilskot til prosjekter eller eingongsutgifter.

Det er opent for søknadar og søknadsfristen er 13. Juni, klokken 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og egen organisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande lavinntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilte barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Nåverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker