Det er no sett opp nye datoar for når "Passbilen" kjem til Valle, slik at det blir mogleg å bestille Pass og ID-kort lokalt.

 

Dei som ynskjer å bestille time må gå inn på www.polititet.no og gjere det der. Om det er nokon som ikkje får dette til, kan de ta kontakt med lensmannskontoret så kan dei prøve å hjelpe. Dei har telefon  38 13 68 50

Passbilen kjem til Valle og Bykle politistasjon desse dagane:

15. og 16. februar 2022
3. og 4. mai 2022

Det er også høve til å bestille time der det er ledige timar andre stader. Dei nærliggjande politistasjonane er:

Bygland og Evje og Hornnes politistasjon:

17. og 18. februar 2022
5. og 6. mai 2022

Vinje politistasjon:

11. og 14. februar
29. april og 2. mai