Regjeringen la fram nye retningsliner i ein pressekonferanse den 13.1.22. Retningslinene gjeld frå og med midnatt natt til fredag 14. januar

Generelle smitteråd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved noe luftvegssymtpom

Avstand og sosial kontakt

  • Alle blir tilrådd å halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Tilrådinga om 1 meter avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskole
  • Tilrådinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper
  • Alle bør tenke gjennom kor mange nærkontakter ein har, samla sett
  • Tilråding om å redusere talet på nærkontakter, men ikkje isoler deg
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime, ut over eigen husstand
  • Barnehagebarn og barneskoleelevar (eigen kohort) er unnatekne frå tilrådinga om avgrensing på tall
  • Ein tilrår god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i samme rom med personar som ikkje husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære
  • Tilråding om å treffe andre utandørs når det er mogleg
  • Tilråding om å unngå handhelsing
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, med det meiner ein å vere spesielt forsiktige med, eller unngå store forsamlingar og samlingar på serveringsstader der det erfaringsmessig blir vanskeleg å halde avstand og unødvendige reiser til omåde med mykje smitte. Denne gruppa bør likevel ikkje isolere seg. Det er viktig med noko sosial kontakt
  • Tilråding om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld og for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer
  • Det er ikkje krav til munnbind når ein sit ved eit bord på ein serveringsstad

Organisert idretts- og fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør bli gjennomførte utandørs så langt det er mogleg

Barn og unge under 20 år:

  • Utandørs aktivitetar kan bli gjennomførte som normalt
  • Tilrådd gruppestørrelse innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort
  • Aktivitet innandørs kan bli gjennomført med kontakt der det er nødvendig

Vaksne over 20 år

  • Innandørs er det tilrådd maks 20 personar og 1 meter avstand. Ved intensiv trening bør det bli tilrettelagt for 2 meter avstand
  • Vaksne kan utøve aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er nødvendig
  • Toppidrett kan bli gjennomført som normalt med smitteverntiltak

Barnehagar, skolar og SFO

  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskolar og SFO
  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i vidaregåande skolar
  • Framleis krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Nasjonal tilråding om gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskolar der smittesituasjonen lokalt tilseier det, men kommunane må gjer eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Nasjonal tilråding om grønt nivå i vidaregåande skolar og i vaksenopplæring, men kommunane må gjere eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Jamnleg testing i skolar og barnhagar skal i større grad bli gjennomført i område med høgt smittetrykk
  • Kommunane blir bedne om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Barnehagar og skolar må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå

Høgare utdanning

  • Framleis krav om smittevernfagleg drift
  • Høgskolar, universitet og fagskolar blir tilrådd å legge til rette for jamnleg testing av studentar. Testar bør bli utdelt til studentar og det bør vere enkel tilgong til testar på campus
  • Mindre grupper/oppgåveløysing/seminar i klasserom bør avgrensast til maks 30 personar med 1 meter avstand. Tilrådinga om avstand for offentlege arrangement med faste tilviste sitteplassar, og krava i smittevernfagleg forsvarleg drift 

Arbeidsliv

  • Påbod om at arbeidsgjevarar sørger for at tilsette arbeider heimanfrå om dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for vikrig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å ta i vare barn og sårbare grupper
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendinge og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge
  • Tilråding om 1 meter avstand
  • Tilråding om munnbind om det ikkjer er mogleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierer som bruk av skilleveggar eller liknande
  • Påbod om å bruke munnbind gjeld i enkelte publikumsretta delar av arbveidslivet. Sjå omtale nedanfor under "Munnbind"
  • Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i samme rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære

Arrangement og samankomster

  • Det blir stilt krav til smittevern, avstand og munnbind
  • Avgrens sosiale samankomster og arrangement du deltek på
  • Private arrangement/samankomster på offentleg stad, leigde/lånte lokale:
    • Innandørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund
    • Utandørs: Maks 50 personar
    • Munnbindpåbod for publikum innandørs
  • Offentlege arrangement innandørs:
    • Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar
    • Med faste tilviste plassar: maks 200 personar
    • Munnbindpåbod for publikum
  • Ingen tilråding om å utsette eller avlyse arrangement innandørs knytta til organiserte fritidsaktivitetar som samlar barn og unge under 20 år frå ulike stader
  • For lagidrettar blir det tilrådd kun enkeltvise kampar, og ikkje turneringar, cupar m.v. For individuelle idrettar blir det tilrådd å avgrense gruppestørrelsen på konkurransane
  • Utøvarane og eventuelt støttepersonell ved innandørs offentlege kultur- eller idrettsarrangement der barn og unge under 20 år utøver aktiviteten, blir ikkje rekna med i det totale talet på personar som kan vere til stade på arrangementet
  • Det er unntak frå avstandskravet for utøvarane på innandørs kultur- og idrettsarrangement
  • Utandørs arrangement knytta til organisert kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 kan skje utan avgrensing på tal på deltakarane og med eit nødvendig til vaksne. Om det er fleire enn 10 personar til stades, skal det ikkje bli lagt til rette for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar med unntak av toalettfasilitetar

Kollektivtransport

  • Tilrådd å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel
  • Krav om munnbind om ein ikkje kan halde 1 meter avstand
  • I taxi er det påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør

Serveringsstader

  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyve, og ein må seinast kl. 23.30 slutte å drikke alkohol på skjenkestaden
  • Skjenking skal skje ved borda
  • Serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halde meteren, unntak er medan ein sit ved bordet
  • Plikt til å registrere gjester som samtykker til det

Karantene og testing

  • Nærkontakter som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta, skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt
  • Desse skal så snart som mogleg teste seg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test tatt tidlegast 7 døgn etter nærkontakten kan karantene bli avslutta
  • Karanteneplikten gled ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader
  • Karanteneplikt gjeld ikkje personar som fekk oppfriskingsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, antigen hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annankvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten
  • I tillegg gjeld enkelte særskilte unntak for blant anna nøkkelpersonell i kritiske samfunnsfunksjonar

Øvrige nærkontakter har ikkje karanteneplikt, men blir tilrådd å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom: Bli heime og test deg.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i samme husstand eller tilsvarnde nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skolar og annan opplærings- og utdanningsverksemd
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halde stengt
  • Treningssenter, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallar og liknande kan halde ope for maks 20 personar ved innandørs gruppetrening
  • Følgjande verksemder skal bli drivne smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, bowlinghallar, museer, bingohallar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige manader og liknande
  • Med unntak av bibliotek, museer, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det
  • Bransjerettleiarane bør bli følgde for m.a. treningssenter og svømmehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern

Innreise - ankomt Noreg

  • Alle reisande må i utgangspunktet registrere seg før dei kjem til Noreg
  • Alle reisande må i utgangspunktet teste seg når dei kjem til Noreg
  • Reisande som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinerte eller har hatt covid-19 dei siste 6 månader må i utgangspunktet i tillegg teste seg før avreise til Noreg
  • Reisande som kjem frå eit land med karanteneplikt og som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 siste 6 månadar, må i utgangspunktet i innreisekarantene.

Les meir om innreisereglar på helsenorge.no