• I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn 5 gjester i tillegg til husstandsmedlemer. Dersom alle gjestene er frå same husstand, kan ein vere fleire. Det inneber at to familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn 5 gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar. Barn og unge som er i same kohort i barnehagen eller på barneskulen, kan verte unnteke frå avstandskravet på arrangement.
  • Vi tilrår at alle er saman med færre personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med for mange forskjellige personar i løpet av ei veke.
  • Private samankomstar på offentleg stad eller i leide eller lånte lokale skal ha ei grense på maksimalt 50 deltakarar.
  • Dagens høve til å ha 600 personar til stades på utandørs arrangement vert begrensa til å gjelde arrangement kor alle i publikum sit i fastmonterte sete.
  • Regjeringa foreslår å styrkje kommunane når det gjeld kontroll med etterleving av reglane for arrangement, serveringsstader og arbeidstakarar.

 

Karantenereglar 

 

I tillegg til i private samankomstar, ser vi også auka smitte som følgje av auka arbeidsinnvandring. Det skuldast både at somme ikkje følgjer dagens reglar, men ikkje minst at den alvorlege smittesituasjonen i Europa aukar risikoen ved dagens unnataksordning. Derfor vil regjeringa stramme inn dagens reglar for arbeidsinnvandring:

 

  • Utanlandske arbeidstakarar frå det som EU kallar for raude land, vil ikkje lenger få unnatak frå karanteneplikta. EU definerer raude land som land med meir enn 150 smitta per 100 000 over 14 dagar. Dersom meir enn 4 % i landet testar positivt, er grensa på 50 smitta per 100 000. Dei kan dermed ikkje begynne å arbeide før karanteneperioden på 10 døgn er gjennomførde. Denne endringa tre fyrst i kraft ved midnatt natt til laurdag 31. oktober. Endringa har ikkje tilbakeverkande kraft.
  • Andre arbeidstakarar kan framleis få karantenefritak. Men her blir også reglane skjerpte inn: Arbeidstakarar som har fritidskarantene skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti fyrste dagane i landet. Det blir også tydeleggjort at arbeidsgivar skal leggje til rette for avstand til andre når ein er i fritidskarantene. Denne endringa trer i kraft ved midnatt natt til onsdag 28. oktober. Endringane har ikkje tilbakeverkande kraft.
  • Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet vert gitt i oppdrag å gå gjennom karantenereglane for å vurdere om det er behov for ytterlegare presiseringar.