Når det gjeld Setesdalsvegen så er det kanskje nokre som lurar på kvifor der er brukt så høge nummer. Det kjem av at Setesdalsvegen er bruka av alle kommunane frå Kristiansand til Hovden. Vi har delt inn vegen i nummerseriar, Kristiansand og Vennesla brukar opp til 999, deretter byrjar Evje og Hornnes på 1000, Bygland på 2000, Valle på 3000 og Bykle på 4000. I Valle har vi også delt opp nummerserien slik at gamle Hylestad kommune har 3000-3499 medan Valle har frå 3500-3999.

 

Det neste vi vil prioritere no er å få adresser i høgstandard hyttefelt, som i Brokke. Sidan går vi vidare med hyttefelta ved Bjørnevatn og til sist hytter/støyler lengre inn på heia.

Du finn informasjon om adresseprosjektet her: http://www.valle.kommune.no/vegadresser.321467.nn.html