Reguleringsplan for rv. 9 Besteland-Helle vart vedteken i Valle kommune 27. mars 2019. Ved ein gjennomgang av kostnadar ved bygging av gjeldande reguleringsplan ble det klarlagt at kostnadene ville bli for høge. For å finne løysingar som gjev lågare utbyggingskostnadar er det gjort endringar i planen.


Det er gjort følgande endringar i plan:

  • Kutt lengde ved oppstart, profil 0-100.
  • Kutt lengde ved avslutning, profil 4900-5300.
  • Flytting av bru ved Kvernåni mot vest for å hindre auka lengde bru pga. flaumsituasjon.
  • Flytting av Kvernhus ved Kvernåni som kjem i konflikt med endra plassering bru.
  • Kutt overgangsbru ved Helle, profil 4400.
  • Løfte veglinje mellom profil 4300-4500.
  • Justering av Straumeveien ved tilkopling ny rv. 9.
  • Tilrettelegging for framtidig etablering GS veg profil 4400-4900.
  • Endring i klassifisering av eksisterande veg frå Straumeveien og nordover til ende av prosjekt.
  • Kollektivhaldeplass er flyttet fra Helle camping til kryss Straumeveien.

 

Endringane påverkar arealplankart, reguleringsføresegner, planomtale, vedlegg 10.5 Støyrapport, vedlegg 10.6 Støykart og vedlegg 10.8 Tegningshefte. Etter høyring vil eventuelle høyringsinnspel svarast ut i nytt vedlegg 10.12 Samandrag av innspel reguleringsendring. Planen med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på Velkomssenteret i Valle kommune. Den ligg også i planinnsyn.


Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Valle kommune, innan 20. august 2019.
Adresse: Postboks 4, 4746 Valle
e-post: post@valle.kommune.no
 

Figur revidert RpOmråde Helle.jpg