Nå ser me verkeleg fram til at skulen opnar måndag 27. april for 1.-4.klasse og SFO. Mange som har sakna kvarandre, får endeleg møtast igjen.
Måndag 20. april kom det ein nasjonal smittevernrettleiar for barneskulen som gjer oss nødvendig kunnskap og føringar for å få forsvarlege og gode kvardagar for elevane i tida framover. Planlegginga er i full gang og det er mykje som skal på plass på kort tid.
Skulen vil vere open i den ordinære skuletida. SFO har nå opent frå skuleslutt til kl. 16.00 kvar dag. Vi greier ikkje å opne SFO om morgonen. Det ville ført til for mykje blanding av elevar og tilsette på tvers av grupper og er derfor ikkje i tråd med smittevernrettleiaren.
Skulen planlegg skulekvardagane med stort fokus på smittevern og mykje utetid. Det pedagogiske opplegget er lagt opp etter dette.
Det vert innført ganske omfattande rutinar kring hygiene for både tilsette og elevar. Døme på dette er rutinar kring handvask. Dei skal vaskas:
- Før ein drar heimanfrå og når man kjem heim
- Når ein kjem til skule/SFO
- Etter hosting/nysing
- Etter toalettbesøk
- Før og etter måltid
- Før og etter uteaktivitet/friminutt
- Ved synlig skitne hender
Det er framleis ikkje klart når 5. - 10. trinn skal starte opp igjen på skulen. Målet er at alle skal tilbake på skulen før sumarferien.
Aktuelle lenker
Vil åpne samfunnet gradvis og kontrollert - pressemelding 7. april (Regjeringen.no)
Veileder om smittevern for skoletrinn 1.-7.trinn under covid-19 utbruddet 2020 - datert 20. april (udir.no)
Forskrift om gjenåpning av barnehager og skoler - pressemelding 17.april (Regjeringen.no)