Kriseleiinga fekk melding av kommuneoverlege i ettermiddag om at det er ein innbyggjar busett i Valle kommune som har testa postitivt på Covid-19. Smitten heng saman med utbrotet i Listerregionen.

Tilsette ved Otera avd. Valle er satt i karantene.

Smittesporingsteamet er i gong med smittesporing, og vi vil legge ut oppdatert informasjon etter kvart når smittesporingsteamet får oversikt.

Smittesporingsteamet ber om at alle tar telefonen når det ringar frå eit nummer du ikkje kjenner.

På bakgrunn av denne situasjonen vil vi oppmode alle om å redusere sin sosiale omgang ei tid frametter.

HUGS også:

  • Hald avstand
  • Vask hendene
  • Hald deg heime når du er sjuk