Frå venstre: Else Margit Tveit, Steinar Kyrvestad, Gunn Marith Homme, Aud Sunniva Fuhr, Hallvard Mosdøl. Torleif Homme og Solveig Kyrvestad var med via Teams. Neste møte i kriseleiinga vert torsdag 19. mars kl. 15.00 og då deltek vi alle digitalt via Teams.

Kriseleiinga har i dag hatt statusmøte. Det vert jobba kontinuerleg med beredskap, tiltak, informasjon og overvaking av situasjonen som er knytt til utbrotet av koronaviruset.

Kommunen endrar tiltak i samsvar med det som regjeringa til ei kvar tid bestemmer.

Det er viktig at alle bidreg til den felles dugnaden som krevjast for å avgrense smitte og at vi alle respekterer dei råda som helsemyndigheitene har kome med og som kjem i tida framover.

 

Særskilt for hyttebebuarar som ikkje bur i kommunen

Valle kommune set veldig pris på kvar og ein hyttebebuar, men i denne tida vi no står i ber vi om at de respekterer nasjonale føringar og held dykk i heimkommunen. Så ser vi veldig fram til å sjå dykk att i bygda når ting normaliserer seg att

Nye tiltak

Vi har valgt å avlyse alle politiske møter, også det årlege påskemøtet med hyttebebuarane.

Kommunehuset bli stengt frå og med i dag. Du får kontakt med oss på telefon eller e-post post@valle.kommune.no . Telefontida vil i tida frametter bli utvida slik at du vil nå oss på 37937500 kvardagar mellom kl. 08.00 – 15.00. Dei fleste sakshandsamarar har heimekontor, men vil vere å treffe på telefon.

Pr. i dag er det ikkje påvist sjuke eller smitta i valle kommune. For å kunne halde statistikken slik vurderer vi tiltak som å avgrense sosiale samlingar med grupper på maks 5-10 personar, dette vil vi kome attende til. 

Anna

Det er gjort endringar i oversikta over dei som har samfunnskritiske oppgåver og som har krav på pass til borna i barnehage og skule. Det er framleis slik at dersom ein føresett kan vere heime, skal borna vere heime.

Sjå desse linkane: https://www.regjeringen.no/…/disse-ansatte-i-kri…/id2693623/
https://www.regjeringen.no/contentassets/d510013361654fcabcb7e025f439eb19/personell_i_kritiske_samfunnsfunksjoner_16.03.2020.pdf

I tillegg gjeld dette føresette frå det tidspunkt den/dei vert kalla inn til sivilforsvaret.

 

Dersom du trur du er smitta – ring legekontoret. Har du behov for akutt legehjelp og ikkje kjem i kontakt med legekontoret skal du ringe legevakta på telefon 116 117.

Vi oppmoder folk om å syte for god håndhygiene og gode hostevanar for å ikkje spreie smitte. Sjå meir her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/