69 (!) innbyggjarar testa og prøvene er på veg til Kristiansand! Ein fantastisk jobb av smittesporingsteamet og testarane ved Valle legekontor! Samt av innbyggjarane som møter opp på så kort varsel og er så imøtekomande!!! 

I dag testast mellom 40 og 50 nærkontakter. Ein er definert som nærkontakt dersom du har vore i direkte nærkontakt med den smitta. Alle nærkontaktar er blitt eller blir kontakta av smittesporingsteamet direkte. Prøvene sendast i ettermiddag til Kristiansand og vi får forventar svar i løpet av helga. Fram til negativt svar føreligg er husstandsmedlem og andre som har vore i direkte kontakt med nærkontakten sett i ventekarantene. Ventekarantenene skal førebels ikkje testast, berre dersom du har symptom. Sjå forklaring lenger nede på sida.

Skulen og skulefritidsordninga er stengt og skulen har fjernundervisning til og med 24.03 ettersom mange elevar er definert som nærkontakter. Resten av elevane og samtlege lærarar er sett i ventekarantene. Familiar til ventekarantener er ikkje i karantene. For øvrige bedrifter i Valle er der førebels ikkje sett andre restriksjonar enn dei generelle nasjonale tilrådingane og lokale påbod som følgjer:

Det vert i dag innført i Valle kommune påbod om bruk av munnbind innandørs på offentlege stader.

Frå den 19.03.21 og til og med den 06.04.21 er det påbod om å bruke munnbind i følgjande høve: 

Når det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn dei i eigen husstand, skal det nyttast munnbind. Dette gjeld i butikkar, på serveringsstader, i tru- og livssynsbaserte lokale, i andre fellesområde innandørs, som Sæbyggjen og Kultursenteret, i lokale for kultur-, sport-, og fritidsaktivitetar. Plikta til bruk av munnbind gjeld ikkje dei som utøver fysisk aktivitet.

For kollektivreisande, i buss, taxi/taxibuss, skibuss og skulebuss gjeld det same.

Plikta til å bruke munnbind i fyrste ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogeleg å halde minst ein meter avstand frå gjestane, jf. fyrste ledd. Dette gjeld ikkje for stader der det er sett i verk andre smitteverntiltak for dei tilsette, som bruk av visir, skiljeveggar o.l.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske grunnar eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind. Dette er i tråd med Folkehelseinstituttet sine tilrådingar om bruk av munnbind.

Munnbind skal takast på når ein går inn på stader nemnd i fyrste og andre ledd.

Plikt til bruk av munnbind gjeld innandørs.

Det blir tilrådd på det sterkaste at munnbind også nyttast utandørs der det kan bli opphoping av menneske, i køar utanfor serveringsstader, taxikø o.l. der regelen om ein meter ikkje kan haldast.

Alle bør avgrense antall personer man har kontakt med - møt gjerne venner ute

LINK TIL FORSKRIFT - PÅBOD OM BRUK AV MUNNBIND I VALLE KOMMUNE

I tillegg er det sterk tilråding om bruk av heimekontor for den som kan det

Ved spørsmål kan de ta kontakt med følgjande:

Smittesporing og melding av nærkontakter – Teamleiar for smittesporingsteamet Ida Rosseland telefon: 468 83 253

Medisinfaglege spørsmål – Kommuneoverlege Benedicte Severinsen telefon: 902 05 152

Bestilling av test – Valle legekontor telefon 37937540

wfmtsPtwdQLEQAAAABJRU 5ErkJggg==