Tryggheitsalarmane er no i orden etter ei snau veke ute av drift. 

 

Oppdatert informasjon frå pleie- og omsorgsleiar i høve crypto-locker angrepet på våre tryggheitsalarmar: Systemet er framleis ikkje meldt i orden i dag 27.04 så vi får ikkje køyrt test no heller. Det syner seg å vere meir omfattande enn først tenkt og det tek tid å få ting på plass. Vi følgjer opp brukarane som har tryggheitsalarmar med jamnlege ringerundar. Informasjon vert oppdatert når det er noko nytt å melde.

 

Oppdatert informasjon frå pleie- og omsorgsleiar: Systemet er framleis ikkje meldt i orden i dag 25.04 så vi får ikkje køyrt test i dag. Vi vonar det blir i orden så snart som råd.

 

Eit dataangrep mot selskapet Nordlos kontor i Haugesund ramma også alarm-, kommunikasjon- og tryggheitsløysingsleverandøren Vakt og alarm.

 

Tryggingsalarmane i Valle kommune er også av dei som er råka av dette angrepet.

Alle som har tryggheitsalarm i Valle kommune er informert om at dei kan vere delvis ute av drift og at ein ikkje kan rekne med den går gjennom.

No er det slik at vi får inn alarmane så det er bra, men vi har ingen garanti for at den kjem gjennom. Det er satt inn tiltak hjå de brukarane som vi meiner det er nødvendig.

Vi reknar med å få klarsignal i morgon og at vi då må køyre test av alle alarmar for å sjekke at alle er operative att.

 

Link til artikkel i VG